177. Tove Elise Madland (Spørsmål)

Tietoja

Laji
Kysymys
Puheen numero
177
Tila
Waiting for transcription
Päivämäärä

Mitt spørsmål går til den svenske samarbeidsministeren.

Kvar einaste dag er det mange nordiske borgarar som reiser på tvers av grensene våre. Det kan vere turistar, det kan vere studentar, og det kan vere arbeidspendlarar. Kvart einaste land har minst ei billettløysing, og mange stader har trafikkselskapa òg si eiga løysing. Det hindrar dei gode fleksible reisene som me ønskjer å ha på tvers av landa våre. Kan ministeren vere positivt innstilt til å skape ei felles nordisk billettløysing?